Bangkok, Ambassaden i

I Bangkok forvaltar Statsbygg eigedommen som utgjer tenestebustaden og stasjonssjefbustaden ved Noregs ambassade i Thailand.

Ambassadørresidensen i Bangkok er frå slutten av 50-talet og er omgitt av høghus i ein av dei travlaste bydelane i Bangkok. Rett rundt hjørnet ligg Sukhumvit Road, den lengste gata i Bangkok. På den 6900 m2 store tomta er det reist både ein tenestebustad og ein stasjonssjefbustad.

For å få ned straumforbruket er det lagt solcellepanel på taket. Etter eksperthjelp frå ein thailandsk professor blei solcellepanel som lagrar straum i eit lukka batterisystem, valt bort til fordel for ei såkalla open løysing. Det inneber at solenergien kan koplast til straumnettet, slik at overskotsstraumen blir delt med andre i Bangkok. No går produksjonen i pluss, og overskotsstraumen er klar til å seljast så snart det thailandske straumnettet opnar for det.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

74 Soi 38 Sukhumvit Rd

Bangkok 10110

THAILAND

Fakta

Bygg:
  • Tjenestebolig
  • Stasjonssjefsbolig
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 6900 m2
Bruttoareal: ca 940 m2
Leietakere:
  • Utenriksdepartementet

×