Beijing, Ambassaden i

I Beijing forvaltar Statsbygg ambassadeanlegget som i dag består av residens, kanselli og visumbygg.

Ambassadeanlegget ligg i ambassadeområdet i Beijing som heiter Sanlitun. Området soknar til det austlege bydistriktet Chaoyang og ligg sentralt i byen. Ambassaden blei teikna av arkitekten Rolf Ramm Østgaard og stod ferdig i 1976. Anlegget blei opphavleg bygd med tenesteleilegheiter – desse er i dag bygde om til kontor i takt med auke i bemanning ved ambassaden.

Innovasjon Norge held òg til på ambassadeanlegget og hjelper norske bedrifter med kontakt inn til den kinesiske marknaden i samarbeid med ambassaden.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

1 Dong Yi Jie

San Li Tun, Beijing 100600

KINA

Fakta

Bygg:
  • Visumbygg
  • Ambassadørbolig
  • C-Bygg Kanselli
  • S-Bygg Drivhus Gardero.
  • H-Bygg Kontorer
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 8100 m2
Bruttoareal: ca 3340 m2
Leietakere:
  • Innovasjon Norge

×