Buenos Aires, Ambassaden i

Den norske ambassaden i Argentina ligg svært sentralt i Buenos Aires, i eit kontorbygg frå 1997. Lokala har utsikt mot 9. juli-avenyen, som i Argentina er hevda å vere den breiaste gata i verda.

Statsbygg kjøpte, rehabiliterte og bygde om nye lokale for ambassaden i Buenos Aires. Kontorlokala blei moderniserte og fullstendig bygde om til ambassadeformål og stod klare i 2008.

Statsbygg forvaltar og utviklar eigedommar i utlandet, i første rekkje for den norske utanrikstenesta. Vi forvaltar over 150 bygningar fordelte på ca 100 eigedomskompleks over nærmare 100 000 kvadratmeter utanfor landegrensene. Statsbygg er representert i over 50 land.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

Carlos Pelligrini 1427/29

Buenos Aires

ARGENTINA

Fakta

Bygg:
  • Kontor
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 300 m2
Bruttoareal: ca 350 m2
Leietakere:
  • Utenriksdepartementet

×