Kuala Lumpur, Ambassaden i

Statsbygg eig stasjonssjefbustaden for Noregs ambassade i Kuala Lumpur, ein enkel, men velfungerande bustad for ambassadøren med familie og representasjonslokale for ambassaden. Bygningen blei oppført i 1982 og har vore disponert av den norske ambassadøren sidan midten av 1980-talet. Tomtearealet er på ca. 1600 kvadratmeter, og brutto golvareal i bygget er ca. 540 kvadratmeter.

På starten av 2000-talet var bygningen i svært dårleg forfatning, og i løpet av 2003 og 2004 blei han totalrenovert. Med bruk av lokale materiale og for ein relativt låg sum blei bygget fullstendig rehabilitert og er i dag ein funksjonell og velfungerande ambassadørbustad.

På grunnplanet ligg representasjonsareala, med stove, matstove og eit stort, profesjonelt kjøkken, i tillegg til bibliotek og arbeidsrom for ambassadøren. I overetasjen ligg ambassadøren si private leilegheit. Frå førsteetasjen er det direkte utgang til ein hyggjeleg hage, og dersom ein sit med beina i symjebassenget, har ein utsikt til Petronas Towers, tvillingtårna som var dei høgaste bygningane i verda fram til 2004.

Bustaden ligg svært sentralt plassert i Lingkungan U Thant i Kuala Lumpur sentrum og har ein flott golfbane som nærmaste nabo.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

23, Lingkungan U Thant

55000 Kuala Lumpur

MALAYSIA

Fakta

Bygg:
  • Stasjonssjefsbolig
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 1600 m2
Bruttoareal: ca 540 m2
Leietakere:
  • Utenriksdepartementet

×