Riyadh, Ambassaden i

I 1976 blei det vedteke å etablere ein eigen norsk ambassade i Saudi-Arabia. Inntil då tok ambassaden i Kairo seg av dei diplomatiske oppgåvene i Saudi-Arabia.

Same året blei det sett i gang eit stort arbeid frå styresmaktene i landet for å førebu eit eige område i Riyadh for ambassadar og representasjonar frå framande land: Riyadh Diplomatic Quarter.

Ein Master Plan blei utarbeidd. 125 ambassadar og residensar skulle lagast, med plass til 32 000 personar. Det tok fire år til infrastrukturen i området var på plass med vegar, straum, vatn og telefon. Skolar og barnehagar blei bygde. 8000 palmar blei planta.

Planen gav føringar og anbefalingar for bygningane som skulle oppførast på området, spesielt med omsyn til dei klimatiske forholda.

Dei ulike landa blei kontakta med spørsmål om plassbehov m.m., og etter kvart blei tomtene tildelte: Gabon fekk den minste og USA den største.

Noreg fekk ei tomt mellom Yemen og Danmark. Byggjearbeida starta i 1983 og var ferdige i 1985. Arkitekt var Torstein Ramberg.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

Diplomatic Quarter

SAUDI ARABIA

Fakta

Bygg:
  • 3 Leiligheter Lokalans.
  • Kanselli
  • Stasjonssjefsbolig
  • 2 Tjenesteboliger
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 6400 m2
Bruttoareal: ca 1660 m2
Leietakere:
  • Utenriksdepartementet

×