Tokyo, Ambassaden i

I Tokyo forvaltar Statsbygg eigedommen som er Noregs ambassade i Japan.

Stadige jordskjelv utløyste behovet for å byggje ein ny norsk ambassade i Tokyo. Tomt blei kjøpt i 1962. Den meritterte arkitekten Junzo Yoshimura blei engasjert, og det nye ambassadekomplekset på fire etasjar stod ferdig i 1977. Det fekk takterrasse, symjebasseng og ein japansk hage.

Påbygget med bustader over fem etasjar og eit vakkert iscenesett fleirbruksrom – ein aula – er frå 2004. Han er teikna av den norske arkitekten Torstein Ramberg, i presis dialog med Yoshimuras bygg.

I aulaen er den sobre tekstilkunsten til Trine Mauritz Eriksen prominent plassert – basert på hennar møte med den japanske shibori-teknikken for kimonoar.

(Teksten er henta frå boka Representativt. Bygninger i norsk utenriksteneste, av Hugo Lauritz Jenssen.)

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

Minami Azabu 5-12-2 Minato-Ku

Tokyo 106

JAPAN

Fakta

Bygg:
  • Stasjonssjefsbolig
  • Ministerrådsbolig, A
  • Amb.Sekr.Bolig, B
  • Tjenestebolig
  • Kontor
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 2200 m2
Bruttoareal: ca 2890 m2
Leietakere:
  • Utenriksdepartementet

×