Maputo, Ambassaden i

Danmark og Noreg deler i dag ambassadebygg i Maputo i Mosambik og har gjort det sidan ferdigstillinga av bygget i 2001. Danmark er i ferd med å avvikle ein eigen ambassade i landet og tek sikte på å selje halvdelen sin snart. 

Mosambik er ein av dei største mottakarane av norsk bistand, noko som gjennom 1990-talet førte til vesentleg auka norsk aktivitet i landet. Dette førte til eit behov for større bemanning ved ambassaden. Danmark hadde òg behov for nye lokale, og det blei vedteke å gjere eit felles prosjekt leidd av Danmark. Arkitektkonkurranse blei gjennomført i 1997, vinnarane var eit team sett saman av Arkitektfirmaet Vilhelm Lauritzen og ingeniørfirmaet Erik K. Jørgensen. Den dansk-norske ambassaden blei ferdig i 2001 (eitt år forseinka på grunn av storflaum) og er nabo med Sverige og Finland i eit område med spektakulær utsikt over Det indiske hav.

Arkitekturen til ambassaden ber preg av skandinavisk modernisme, med rein design og ein fasade i armert og pussa plasstøypt betong. Komplekset har eit optimistisk, vakkert og vennleg preg. Ein stålpergola og ein mellombygning bind dei to likeverdige bygningsdelane saman. I mellombygningen er det felles kantine og felles bibliotek. Den lokale tresorten chanfuta er brukt.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

Avenida Julius Nyerere N 1162

Maputo

MOZAMBIQUE

Fakta

Bygg:
  • Kanselli
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 1100 m2
Bruttoareal: ca 1430 m2
Leietakere:
  • Utenriksdepartementet

Les ferdigmelding

Dansk/norsk ambassade Maputo
Ferdigmelding

×