Ambassaden i Kathmandu

Ambassaden i Kathmandu er eit kompleks som består av både ambassade og ambassadørbustad.

Ambassadebygget stod ferdig i 2008 og residensen i 2012. Begge er teikna av Kristin Jarmund Arkitekter og har vekt stor internasjonal merksemd for dei reine, minimalistiske linjene og flotte detaljane.

Det er mange likskapstrekk mellom Noreg og Nepal: Begge er små land med høge fjell. Dei tradisjonelle byggjemateriala er òg mykje dei same med tre og naturstein.

Med ei trong tomt som her har arkitekten gitt residensen ei kvadratisk, innovervend form med eit atrium. Dette er heller ikkje ulikt tradisjonell byggjeskikk i Nepal. Den kvadratiske forma gir òg best jordskjelvsikring.

Både ambassaden og residensen blei bygde med berre lokale byggjefirma og arbeidskraft.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

Kathmandu Lalitpur

NEPAL

Fakta

Bygg:
  • Kathmandu Kanselli
  • Ambassadørbolig
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 4500 m2
Bruttoareal: ca 1710 m2
Leietakere:
  • Utenriksdepartementet

Les meir om ambassaden i Kathmandu

Åpent rom 2012 nr 1
Åpent rom

×