Kanselliet i Houston

I Houston eig og forvaltar Statsbygg eigedommen som utgjer det norske generalkonsulatet i byen, i tillegg til den tilhøyrande stasjonssjefsbustaden som huser generalkonsulen. 

Generalkonsulatet held til i eit bygg i West Dallas Road som huser fleire norske organisasjonar, og tilbyr ei rekkje såkalla inkubatorkontor til norske oppstartsbedrifter som ønskjer å vere til stades i Houston.

Sertifiseringa blei oppnådd gjennom ein omfattande og heilskapleg byggjeprosess der miljø heile tida har stått i fokus. Både bygget, byggjeprosessen og ei rekkje miljøtiltak har sikra gullsertifiseringa. Mellom desse kan nemnast gjenbruk av byggjemateriale, el-bilparkering, isolasjon, effektiv bortleiing av vatn og planter med lågt vasskonsum. I tillegg kjem energieffektiv drift, ein miljøvennleg kraftleverandør og kortreiste materiale.

Eiendom. Forvaltes
Ambassade

Fakta

Bygg:
  • Generalkonsulat
Eiendomstype: ambassade
Tomteareal: ca 0 m2
Bruttoareal: ca 930 m2

×