Statsarkivet i Bergen

Statsarkivet i Bergen ligg på Årstad, søraust for bysentrum og aust for Store Lungegårdsvann, i eit område med samansatt bosetting, med eit villapreg, ein del nyare blokkar og andre institusjonar og industribygg.

Statsarkivet i Bergen har ei lang historie som kan daterast tilbake til 1879 då Stortinget vedtok å opprette eit stiftsarkiv i Bergen. Stiftsarkivet heldt til på Klosteret fram til 1921, då dei flytta til eit nytt bygg i Årstadveien 22. Arkitekt for bygget var Egill Reimers. Nybygget vekte oppsikt og i 1924 blei Reimers tildelt Houens fonds diplom for arbeidet. 

I 1940 tok Wehrmacht over bygningen i Årstadveien og gjorde han til hovudkvarter for dei tyske landstridskreftene på Vestlandet. Då tyskarane kapitulerte i 1945 etterlet dei seg fleire bygningar på eigedommen. Somme blei rivne, andre er freda. Blant anna ein bunker og panservogngarasje, låge og med graskledd overdekking. 

I 2010 starta Statsbygg byggjearbeida med eit nybygg for Statsarkivet i Bergen. Nybygget skulle romme nytt underjordisk magasin og eit tilbygg med ny konserveringsavdeling og nytt mottak. Nybygget stod ferdig i 2011. Då gjekk ein i gong med renoveringa av dei eldre bygningane, og dette arbeidet blei ferdigstilt i 2012. Les meir om prosjektet i faktaark og på prosjektsida. Arkitekt for desse prosjekta var NAV Arkitekter.

Statsarkivet i Bergen er ein del av Arkivverket og tek hand om eldre arkivmateriale frå statlege organ og private arkivskaparar på lokalt og regionalt nivå i Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Vern

I landsverneplan for kultur- og kirkedepartementet ligg framlegg om freding av bygningane frå 1921. Framlegget gjeld eksteriøret og opphavleg interiør i det meste av administrasjonsfløya.

Eiendom. Forvaltes
Offentlig adm. og tjenesteyting

Årstadveien 22

5009 BERGEN

Fakta

Eiendomstype: offentlig adm. og tjenesteyting
Tomteareal: ca 6500 m2
Bruttoareal: ca 7640 m2
Leietakere:
  • Arkivverket

Les faktaark om Statsarkivet i Bergen

Nytt magasinbygg og rehabiliterte lokale
Faktaark

×