Arkeologisk museum

I 1975 blei Arkeologisk avdeling ved Stavanger museum skild ut og etablert som eigen statsinstitusjon under namnet Arkeologisk museum i Stavanger. Det nye museet flytte inn der Frue Meieri i bydelen Våland sentralt i Stavanger tidlegare heldt til. Frå 1. januar 2009 er museet ein del av Universitetet i Stavanger.

Bygningane til Frue Meieri blei overtekne av staten i 1971 med formål å overføre den arkeologiske verksemda frå Stavanger museum hit etter kvart som dei ulike lokala kunne fristillast og renoverast for museet sitt føremål.

Planar for nybygg og for renovering av den bygningsmassen som skulle bevarast, blei lagde fram på slutten av 1970-talet, men det gjekk endå nokre år før dei blei godkjende.

I perioden 1991–1997 blei det gjennomført eit større utbyggingsprogram som omfatta istandsetjing av den tidlegare hovudbygningen til meieriet og det såkalla iskrembygget bak. I tillegg blei det ført opp eit nybygg på cirka 2700 m2 mot Erlands gate som erstatning for eldre fløyer i bakgarden.

I 2008 gav Kunnskapsdepartementet Statsbygg i oppdrag å starte planlegginga av nytt formidlingsbygg for Arkeologisk museum i Stavanger, som no er ein del av Universitetet i Stavanger. Prosjektet inkluderer òg nødvendige tilpassingar i den eksisterande bygningsmassen og ein ekstra underetasje med magasin. Sjå prosjektsida for meir informasjon.

Vern

I landsverneplan for Kunnskapsdepartementet er eksteriøra til Frue Meieris hovudbygning, iskrembygget og muren med portar som står att, verna i verneklasse 2. Formålet med vernet er å bevare Frue Meieri som eit industrianlegg med monumentalarkitektur frå byrjinga av 1900-talet.

Eiendom. Forvaltes
Kultureiendom, museum o.l.

Peder Klows Gate 30 A

4010 STAVANGER

Fakta

Eiendomstype: kultureiendom, museum o.l.
Tomteareal: ca 8600 m2
Bruttoareal: ca 10700 m2
Leietakere:
  • Universitetet i Stavanger

×