Historikk

Arkeologisk museum i Stavanger held til i det tidlegare Frue Meieri, eit bygningskompleks med ein stor fire–fem etasjars murbygning og to lågare bygningar som kransar om eit gardsrom. Bygningane blei reiste i 1928/29.

Frue Meieri (Storgata 27) var eit særprega bygningskompleks som bestod av hovudbygning (A-bygget), fyrhus (B-bygget), lagerbygning (D-bygget) og «iskrembygget» (E-bygget). Bygningane blei reiste for meieriføremål og var ikkje eigna for museumsformål. Staten overtok bygningane til Frue Meieri i 1975. Same året blei Arkeologisk avdeling ved Stavanger Museum gjord om til Arkeologisk museum i Stavanger og flytte inn i bygningskomplekset.

A-bygget blei renovert i 1990–91, E-bygget blei renovert i 1998. B- og D-bygget blei rivne i 1991, og eit nybygg betre eigna til museumsformål blei oppført i 1994. Under utbygginga blei eit uteområde, C-bygget (auditoriet), bygd inn.

1. januar 2009 blei Arkeologisk museum i Stavanger konsolidert med Universitetet i Stavanger. Namnet blei endra til Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.

×