Statens æresbustad, Grotten

Grotten har vore statens æresbustad for kunstnarar sidan 1922. I mai 2011 flytte noverande bebuar, forfattaren og dramatikaren Jon Fosse, inn i Grotten. Æresbustaden er den einaste av sitt slag i Noreg.

Det enkle huset ligg vakkert til på ein fjellknaus i utkanten av Slottsparken i Oslo, med adresse Wergelandsveien 4.

Grotten blir rekna som eit av dei første sveitserhusa i Noreg og er reist i regi av diktaren og samfunnsaktivisten Henrik Wergeland som budde der frå 1841 til 1845. Huset er teikna av Wergeland sjølv i eit samarbeid med slottsarkitekten Linstow. Då huset blei reist i 1841, låg det «på landet» – det vil seie eit godt stykke utanfor det som den gongen var sentrum, og som i dag blir kalla Kvadraturen.

Det blir sagt at Wergeland fekk inspirasjon til songen «Nisser og Dverge» då steinbrytinga gjekk føre seg som verst under huset hans.

I samband med ny bebuar blei eigedommen rehabilitert og restaurert i 2014. Les meir på prosjektsidene våre.

Grotta under Grotten

Frå berggrunnen under Grotten blei det teke ut bruleggingsstein (diabas eller grønstein) til bygatene og til Slottsplassen, noko som skapte ei djup kløft. I staden for å fylle ho igjen fekk Wergeland bygd ein portal og ein terrasse over, slik at det verkeleg blei ei grotte. Wergeland brukte grotta som utstillingsstad for alle moglege raritetar han samla på.

I dag står det berre ei byste av Wergeland i denne grotta, laga av kunstnaren Julius Middelthun i 1861. Grotta under Grotten er open for publikum kvar 17. mai. Då er det fast ritual å leggje krans ved bysta.

Vern

Grotten er foreslått freda. Formålet med freding er

  • å sikre bygningen som Henrik Wergeland fekk oppført i 1841, dei opphavlege interiørelementa og eksteriøret
  • å vareta dei personalhistoriske interiørelementa som er tilførte gjennom funksjonen som statens æresbustad
  • å sikre dei eldre utomhuselementa

Eiendom. Forvaltes
Kultureiendom, museum o.l.

Wergelandsveien 4

0167 OSLO

Fakta

Eiendomstype: kultureiendom, museum o.l.
Tomteareal: ca 900 m2
Bruttoareal: ca 410 m2

Last ned faktaark om Grotten

Grotten, Kunstnerboligen
Faktaark

×