Bygdø Kongsgård, øvrige bygningar/areal
Eigedommen Bygdø Kongsgård ligg på Bygdøy i Oslo og er på i overkant av 2000 daa. I tillegg til hovudbygningen og Oscarshall (sjå eigne sider) består eigedommen av ca. 60 bygningar og fleire friluftsområde.
Kong Carl Johan (1763–1844) ønskte at innbyggjarane i Christiania skulle ha ein folkepark på linje med andre europeiske hovudstader. Han kjøpte fleire eigedommar til formålet på dåverande Ladegaardsøen, og området blei utover på 1800-talet svært populært.
Ladegaardsøens Hovedgaard fekk i 1878 namnet Bygdø Kongsgård, og etter ei nedgangstid på starten av 1900-talet blei området igjen populært i mellomkrigstida.
Med verknad frå 1. januar 2004 sa H.M. Kong Harald frå seg disposisjonsretten til store delar av eigedommen. Norsk Folkemuseum driv no gardsbruket, og Norsk Folkemuseum og Statsbygg forvaltar eigedommen i fellesskap.
I tillegg til bygningar og areal knytte til gardsbruket og gartneriet er desse ein del av eigedommen: Sæterhytten, Dronningberget, Rohdeløkken, Hengsengen og Hengsåsen, Strømsborg, Villa Gjøa, Bygdøy sjøbad, Paradisbukta, Skogvokterboligen og Thulstrupløkken.
Vern
Eigedommen blei freda som kulturmiljø gjennom kongeleg resolusjon i februar 2012. Hengsåsen og Dronningberget blei samtidig verna som naturreservat. Hovudbygningen og Oscarshall med kvar sin tilhøyrande park/hage er unntatt fredinga; H.M. Kongen disponerer framleis desse, og dei er normalt ikkje opne for allmenta.
Eiendom. Forvaltes
Kongelig eiendom
0287 OSLO
Fakta
- Kajakk og Fritid As