Chr. August-monumentet

Publisert 11.03.2015

Chr. August-monumentet over prins Christian August blei reist av kong Christian Frederik under den korte tida hans som norsk konge, sommaren 1814. 

Monumentet er støypt på Næs jernverk i 1814, og støtta består av støypejernsplater haldne saman av støypte ringar. Støtta er 2,7 meter høg med ei urne på toppen. Grunnflata er 70 x 70 cm.

Inskripsjonen på framsida lyder «Venskabs Minde for Christian August». På andre sida: «Dette Minde sattes af Prinds Fiederich til Hessen Aar MDCCCX og fornyedes Aar MDCCCXIV af Christian Frederik, Norges Konge» (1810 og 1814).

Statsbygg restaurerte monumentet og oppgraderte området rundt i 2009–2010.

Plassering

Monumentet står i Kongeskogen, langs Christian Frederiks vei, er eigd av staten og forvalta av Norsk Folkemuseum og Statsbygg.

Plassering

Monumentet står i Kongeskogen, langs Christian Frederiks vei, er eigd av staten og blir forvalta av Norsk Folkemuseum og Statsbygg.

×