Gartneriområdet

Publisert 05.10.2016

Gartneribygningen ligg på den historiske Thulstrupløkken, som Karl Johan kjøpte saman med Hesselbergløkken i 1819, og som i tillegg gav plass til Oscarshall. Gartnarbustaden blei oppført til fullføringa av Oscarshall i 1852 og blei rekna som ein del av Oscarshall-anlegget i fleire tiår.

Dei opphavlege to drivhusa blei rivne og erstatta med nye i 1902. Installasjonane og bruken av området har endra seg fleire gonger gjennom 1900-talet, og så seint som i 2007 blei to drivhus rivne.

Rehabiliteringsprosjekt

Statsbygg skal rehabilitere bygningane, reetablere gartneriområdet og leggje til rette for framtidig urbant landbruk i regi av Norsk Folkemuseum. Det er planlagt ein framtidig eple-hage, og fleire fruktsortar skal dyrkast utandørs. I tillegg vil dei nye drivhusa leggje til rette for anna dyrking av planter.

Prosjektet hadde oppstart i mai 2015, og enkelte element blei ferdigstilte same år. Endeleg ferdigstilling 2018/2019.

Rehabiliteringsprosjektet

Samarbeidspartnar: Norsk Folkemuseum 
Byggjeleiing: Øyvind Moen AS
Arkitektar: NAV arkitekter AS
RIB: Høyer Finseth AS
RIE: Ing. Rasmussen & Strans AS
Utførande: Finstad Jørgensen

×