Kyststien

Publisert 05.10.2016

Den historiske Strandveien på tidlegare Ladegaardsøen var ein promenadeveg langs Frognerkilen opparbeidd av det svensk-norske kongehuset i 1850- og 60-åra. Traseen følgde Frognerkilen mellom Dronningberget og Oscarshall.

Strandveien blei etablert av dei mest kyndige fagfolka på den tida, som del av folkeparken på Ladegaardsøens Hovedgaard, no Bygdø kongsgard.

Størstedelen av traseen er no berre eit stitrakk, men var opphavleg laga som ein gruslagd promenadeveg. Tidlegare var det i tillegg fleire andre vegar som var bundne saman frå Strandveien opp til Wedels vei og andre delar av folkeparken.

Kyststien som vil vere ei gjenskaping av denne promenadevegen, blir no etablert frå inst i Frognerkilen mot Oscarshall og vil vere eit pågåande tiltak med planlagd ferdigstilling i 2018.

Statsbygg og Oslo kommune har samarbeidd om kyststien inst i Frognerkilen (strekning H på kartet). Forleninga (G) har óg Statsbygg ferdigstilt. Strekningane A til G lligg alle på statleg grunn.

Tidlegare har Statsbygg og Oslo kommune samarbeidd om kyststi nedanfor Oscarshall – med vellukka resultat.

Kyststien vil bli universelt utforma så langt det lèt seg gjere, og der terrenget tillèt det.

Samarbeidspartnarar: Riksantikvaren, Fylkesmannen, Bymiljøetaten i Oslo, Norsk Folkemuseum
Byggjeleiing: Øyvind Moen AS
Landskapsarkitekt: Østengen & Bergo AS
Rådgivande ingeniør bygg: Høyer Finseth AS
Grunnarbeid: Steen & Lund AS
Tømrararbeid: Atlant Entreprenør AS

×