Norsk reiselivsmuseum

Museet ligg sentralt på kaien i Balestrand, ei bygd som har tradisjonar innan reiseliv og turisme som kan førast tilbake til 1870-talet.

Norsk reiselivsmuseum blei etablert og formelt stifta i 1986, som det første og framleis einaste av sitt slag i Norden. Det var leiarane av Norsk Folkeferie og Turisttrafikkomiteen for Bergen og Vest-Noreg som tok initiativet til etablering av eit reiselivsmuseum. Museet blei først kalla Vestnorsk reiselivsmuseum, og var planlagt å dekke reiselivshistoria på Vestlandet. I 2001 blei det bestemt at museet skulle vere landsdekkande. 

Statsbygg starte i 2012 bygginga av eit nybygg som opna i 2016. Dei nye lokala på ca 1550 kvm rommer utstillingsareal, auditorium, magasin, kontor, kafé og resepsjon/salsdisk. Hovudideen er å nytte fjellet i arkitekturen for å skape ein særeigen attraksjon kopla til opplevinga av norsk natur. Vegger mot terrenget er fjell skore ut av bergknausen, og hovudbæreveggane er frittståande fjellskiver, synlege i publikums- og utstillingsareala. Berggrunnen er granittisk gneis med lyse fargar og vakre teikningar.

Norsk Reiselivsmuseum disponerer óg tre antikvariske byningar på kaia i Balestrand, bygd i perioden 1880-1920. Dei antikvariske husa er blant anna det tidlegare ekspedisjonshuset Kaihuset, atelieret og kunstarbustaden Cooperhuset, og huset folk i bygda kalla Bom Bom, som i byrjinga husa ein barbersalong for tilreisande.  

Les meir om museet på Norsk reiselivsmuseum si nettside.

Eiendom. Forvaltes
Kultureiendom, museum o.l.

Holmen 12

6898 BALESTRAND

Fakta

Eiendomstype: kultureiendom, museum o.l.
Tomteareal: ca 1500 m2
Bruttoareal: ca 1810 m2
Leietakere:
  • Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

×