Bygdø kongsgard

Bygdø kongsgard ligg på Bygdøy i Oslo. Bygningen er eigd av staten og er stilt til disposisjon for Kongen.

Hovudbygningen blei oppført i 1733-34 av dåverande statthaldar Christian Rantzau. Staden blei nytta som sommarbustad av Kong Haakon og Dronning Maud frå 1906 og for Kong Olav fram til 1991. Sidan stod huset tomt i nokre år.

Grundige undersøkingar av tilstanden til bygningen i perioden 1997-2000 avdekte behov for omfattande reparasjonar. I regi av Statsbygg og i nært samarbeid med Det kongelege hoff, Riksantikvaren og Arbeids- og administrasjonsdepartementet blei bygningen totalrestaurert i perioden 2004-07. Ei brei omtale av byggjeprosjektet finn du i ferdigmeldinga.

Frå sommaren 2007 blei hovudbygningen på ny teken i bruk som sommarbustad, no av Kong Harald og Dronning Sonja.

Bygdø kongsgard har ein heilt spesiell plass i norsk historie. Det er den eigedommen som har vore lengst i kongeleg bruk. Nesten utan avbrekk har han vore knytt til kongehuset, gjennom eigedoms- eller disposisjonsrett, heilt sidan Kong Håkon V Magnusson i 1305 gav Bygdøy i gåve til Dronning Eufemia av Rügen. Slik representerer Bygdøy ei 700 år lang historie knytt til kongehuset, først det norske, så det dansk-norske, deretter det svensk-norske og til sist det norske kongehuset etter 1905.

Vern

Som kongeleg eigedom er Bygdø kongsgard underlagd eigne forvaltningsreglar, og tiltak blir gjennomførte i samråd med Riksantikvaren og Det kongelege hoff. Eigedommen blir behandla som freda.

Les meir

Les meir om Bygdø kongsgard på nettstaden kongehuset.no.

Eiendom. Forvaltes
Kongelig eiendom

0287 OSLO

Fakta

Eiendomstype: kongelig eiendom
Tomteareal: ca 22500 m2
Bruttoareal: ca 3370 m2

×